Husregler

Formålet med reglene:

Verdigrunnlaget for skolen bygger på likeverd for den enkelte, uavhengig av livssyn, politisk og etnisk bakgrunn. (Fullstendig formålsparagraf finnes i Statutter for Torshus Folkehøgskule). Reglene skal sikre et trygt fellesskap og et godt miljø, trivsel og godt utbytte av skoleoppholdet for den enkelte.

Se reglene våre lengre nede på sida.

Våre regler

  1. Stimulere til elevengasjement og eigeninnsats i ein læreprosess utan karakterar og konkurransepress.
  2. Legge vekt på å skape eit læringsmiljø som gjer elevane til ansvarsfulle, kritiske, kreative og samfunnsengasjerte menneske.
  3. Medverke til at elevane utviklar ansvarskjensle for seg sjølve og andre gjennom dei pliktene og arbeidsoppgåvene skolen gir dei. Skolen legg òg vekt på å skapa eit fellesskap som krev at både elevar og personale viser omsyn til kvarandre og ansvar for skolesamfunn og fellesskap.
  4. Arbeide for allmenndanning og folkeopplysning.
  1. Det er forbod mot å bruke og å oppbevare alle former for rusmiddel på skolens område så lenge du er elev ved skolen. Forbodet gjeld òg evt. andre stoff som normalt ikkje er rekna som rusmiddel når desse blir nytta for å oppnå rus.
    På turar og ekskursjonar er det totalforbod mot bruk og oppbevaring av alkohol så lenge det ikkje er sagt anna. Innkjøpt alkohol skal snarast leverast tilsynslærar for oppbevaring.
    Du kan òg bli halden ansvarleg når du er til stades der rusmiddel blir nytta på skolen, i skoletida eller i samband med tur i skoleregi.
  2. Eleven kan heller ikkje vende tilbake til skolen i synleg påverka tilstand. For elevar under 18 år er forbodet totalt og etter norsk lov.
  3. Forbodet mot illegale rusmiddel som ulike narkotiske stoff, gjeld òg den tida eleven ikkje er på skolen, men som likevel er innafor rammene av skoleåret.
  4. Bruk/oppbevaring av illegale rusmidlar vil som hovudregel bli anmeld. Eleven kan i tillegg bli utvist for godt.
  5. Brot på regelen om rusmiddel kan føre til bortvisning. Det kan òg føre til permanent tap av elevstatus og utvising for godt sjølv om det gjeld legale rusmiddel.
  6. Eleven skal til ei kvar tid rette seg etter pålegg gjevne av ansvarspersonar på skolen anten dette gjeld rusmidlar, oppmøte, framferd eller anna.
  1. All undervisning og alle arrangement i skoleregi er obligatoriske. Her blir òg plikter og fellesoppgåver på skole, internat, kjøken, i stallen rekna som undervisning. Det same gjeld frammøte til morgonsamling.
  2. Alt fråvere blir ført på vitnemålet. Fråvere ut over 10% vil normalt føre til ikkje godkjend vitnemål og tap av konkurransepoeng i høve til opptak til høgare utdanning. Du vil normalt òg miste retten til stipend, og all stønad frå lånekassen blir lån. Skolen kan ved særskilde høve ta elevstatus opp til vurdering før eleven når grensa på 10%.
  3. Med ei grense på opptil 15 dagar i året blir dette ikkje rekna som fråvere:
    – arbeid som tillitsvald i landsdekkande organisasjonar.
    – dokumentert lovpålagt oppmøte t.d. rettsakar etc.
    – dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom.
    – organisert hjelpearbeid.
    – anna fråvere som rektor eller den som er delegert ansvaret, godkjenner.
    Dette kan til dømes vera aktivitet som kan karakteriserast som skolerelevant aktivitet.
  4.  Permisjonssøknad skal, leggast fram i førkant av fråveret om eleven meiner at fråveret fell inn under desse unnataka nemnde under pkt C.
  5.  Alt sjukefråvere skal meldast til internatleiar eller tilsynslærar. (Eigne skjema) Elevar med stort fråvere kan takast opp som disiplinærsak.
  1.  Alle er pliktige å vise høvisk framferd til beste for fellesskapet i alle situasjonar,i skolemiljøet og i lokalsamfunnet i skoletid og fritid.
  2.  Alle har ansvar for nattero på internatet og på tunet. Natt til kvardagar og laurdagar skal det vera muleg å sova mellom 23.00 og 07.30. Natt til sundag og annan fridag skal det v sovero frå 24.00 til 07.30.
  3. Alle har ansvar for å utføre tildelte fellesoppgåver til avtald tid. Fellesoppgåver er obligatorisk skoletid, og oppatteken unnasluntring vil kunna påverke fråvere og føre til tap av elevstatus.
  4.  Alle har ansvar for å halde orden og unngå øydeleggingar på eige rom og fellesareal.
  5.  Røyking er berre lov utomhus på tilvist plass og ikkje slik at det er til plage for andre.
  6.  Gjester på skolen har i utgangspunktet berre tilgang til fellesareal så lenge anna ikkje er avtald med internatleiar eller tilsynslærar. Gjester har ikkje tilgang til internata så lenge ikkje anna er avtald. Omvising på internata må klarerast med internatleiar eller tilsynslærar.
  7. Overnattingsbesøk skal klarerast med internatleiar i god tid. Overnatting er ikkje ynskjeleg i undervisningsveka, men internatleiar kan gjera unnatak til dømes for nær familie eller der særskilde grunnar talar for det. Praktiske løysingar kjem til i samråd med internatleiar og i samsvar med elevhandboka.
  8. Så lenge gjester er på tunet, må òg desse overhalde dei same reglane som elevane. Verten har ansvaret for å informere og rettleie gjesten sin. Verten har òg medansvar for at gjesten fylgjer reglementet så lenge han er på tunet.
  1. Elevar kan skrive seg ut etter avslutta undervisning siste dagen føri helg. Oppmøte på skolen etter utskriving er til pålagte oppgåver og obligatorisk undervisning. Skolen oppmodar elevane om å opplyse om opphaldsadresse og telefonnummer. Alle elevar under 18 år skal utan unnatak gi slike opplysningar.
  2. Foreldra må kontakte skolen dersom dei ikkje ynskjer at elevar under 18 år skal kunna ferdast ute etter midnatt eller ha høve til å skrive seg ut i helgene. Foreldra til desse elevane kan gjera særavtalar med skolen.
  3. Elevar under 18 år representerer eit større ansvar både for skolen og myndige medelevar. Dette vil kunna gi utslag i saker der skolen må sanksjonere eller avvise ynskje frå elevar, eller reagere på uønska framferd. I slike høve vil heimen bli kontakta.
  4. Utskriving til adresser i Orkdal berre etter særskild avtale.
  1. Brot på reglar der bortvising og eller tap av elevstatus ikkje er nemnd særskild, kan òg føre til slike reaksjonar. Det same kan skje ved oppattekne og/eller graverande regelbrot eller brot på fleire ulike reglar på same tid.

All oppbevaring av alkohol skal gjerast i tilsynet. Skolen kan ikkje oppbevare eller utlevere alkohol for/til elevar under18 eller sprit for/til elevar under 20 år jfr norsk lovgjeving. Alkohol vil ikkje bli utlevert når det er undervisning dagen etter med mindre eleven har avtale om permisjon borte frå skolen.